Samarbeidsavtale mellom Arbeiderpartiet og Høgre i Tysvær kommune for kommunestyreperioden 2015- 2019

Tysvær Arbeiderparti (Ap) og Tysvær Høgre (H) har inngått ein samarbeidsavtale for kommunestyreperioden 2015-2019. Samarbeidsavtalen byggjer på partia sine valprogram for same periode, samt budsjettforliket for 2015. Partia er samde om at det i kommunestyreperioden skal fokuserast på offensiv politisk styring for å realisere politiske vedtak. Tysvær skal framstå som attraktiv for innbyggjarane, besøkjande, næringsliv og frivillige organisasjonar. Det skal vera godt å leve i Tysvær.

1.  Fordeling av verv

a. Ordfører: Arbeiderpartiet v/Sigmund Lier (Ap).

b. Varaordfører: Høgre v/Ola S. Apeland (H).

c. Leiar for utval for Levekår: Arbeiderpartiet v/ Maren Økland (Ap).

d. Nestleiar for utval for Levekår: Arbeiderpartiet v/Aud Irene Eikemo (Ap).

e. Leiar for Teknisk utval: Høgre v/Terje Knoff (H).

f. Nestleiar for Teknisk utval: Arbeiderpartiet v/Lillian Vikra (Ap).

g. Ordfører- og varaordførervervet, samt andre tillitverv vert knytta til partia for fireårsperioden.

2. Økonomi og politisk styring

Omstillingsarbeidet skal vidareførast i 2015-2019. Målet er å etablere gode og nøkterne tenester i ein berekraftig økonomi, med eit mål på 3% netto driftsresultat. På sikt er det eit mål at dette skal styrkast, slik at ein kan stå betre rusta til å møte nye behov.

Ap og H pliktar å samarbeide ved behandling av rammesak og årlege økonomiplanar, og i andre saker av økonomisk betydning gjennom året. Dette gjeld også ved behandling av månads- og tertialrapportar, samt årsrapportar.

Samarbeidspartia ser ikkje behov for å auke eiendomsskatt utover verk og bruk.

3. Partia er samde om:

a. Dagens kommunestruktur vert vidareført, men samarbeidspartia er opne for diskusjonar med kommunar Tysvær kan samanlikne seg med. Det interkommunale samarbeidet skal styrkast og nyttast for å sikre betre utvikling av region, kommunal tenesteyting og næringsutvikling. Kommunen skal saman med nabokommunar ha ei aktiv rolle i utvikling av Haugalandet.

b. Ap og H er samde om at ingen kommunale tenester i kommunestyreperioden skal konkurranseutsetjast.

c. Ap og H vil arbeide for faste, større stillingsbrøkar i Tysvær kommune. Hovudregelen skal vere faste stillingar, og samarbeidspartia vil avgrense bruk av midlertidige tilsetjingar.

d. Ta eit kommunalt ansvar for verdens flyktningekatastrofe ved å motta fleire flyktningar i tråd med kommunen sin plan for flyktningarbeid.

e. Aktiv sentrumsutvikling i Aksdal innanfor forsvarlege rammer. Partia har eit mål om at ei samla løysing for sentrumsutvikling skal avklarast seinast innan utgangen av 2017.

f. Ha sterkt fokus på områdeplan for Søre Tysvær. Utvikling i takt med auka behov gjennom nye samferdselsprosjekt og næringsutviklingar i Haugaland næringspark.

g. Oppgradering av Frakkagjerdvegen(frå kryss E134 til Frakkagjerd ungdomsskule) skal prioriterast. Det skal tilretteleggjast for fortetting/utbygging på Frakkagjerd/Skeiseid med god bukvalitet.

h. Realisere bufellesskap med tilfredstillande kapasitet på bueiningar til menneske med nedsett funksjonsevne, samt etablere dagsenter for å auke livskvalitet og nytte arbeidsevna til den enkelte.

i. Fullføre overordna plan for utbyggingsstrategiar og bustadpolitikk.

j. Vidareføre Nedstrand 2020. Det skal tidleg i perioden etablerast møteplass(fjordamøte) for dei som nyttar ryfylkebassenget.

k. Ha auka fokus på trafikksikringsstiltak.

l. Etablere barnehagebruksplan, skulebruksplan, idrett- og kulturbruksplan for å vurdere nosituasjon, samt dimensjonere og planlegge behov som ligg fram i tid.

m. Saman med tilsette i skulen ha søkelys på læringstrykk og -utbytte i tysværskulen.

Gjennomføre ei utgreiing av ungdomsskulestrukturen for å sjå om rammetimetalet kan nyttast betre.

n. Realisere ny barnehage i Skjoldastraumen.

o. Styrke samarbeidet med dei frivillige i kommunen gjennom tett dialog med lag/foreningar og frivilligsentral.

p. Styrke det psykiske helsetilbodet i kommunen med særleg vekt på ungdom og psykisk helse.

q. Ha sterkt fokus på bekjempelse av barnefattigdom.

r. Ha fokus på digitalisering av kommunale tenester.

s. Klimaperspektivet skal vera ein del av kommunal planlegging, og klimaomsyn skal vera til stades i all tenesteutførsel. Kommunen skal ha ein klar miljøprofil.

t. Tysvær kommune skal arbeide for å auke andelen læreplassar i kommunen. Saman med næringsliv skal kommunen ha eit auka fokus på å sikre god tilgang på læreplassar. Det skal vera krav om å vera godkjent lærebedrift for å utføre arbeid for Tysvær kommune.

4. Politisk samarbeid

Samarbeidspartia forpliktar seg til å søkje å finne felles løysingar også i andre saker/tema enn dei som er omtalt i avtalen. Partia skal i forkant av møter i hovedutval, formannsskap, kommuneplanutval og kommunestyre avklare om det er grunnlag for fellesforslag, eller om ein skal stemme ulikt.

Ordførar, varaordfører, utvalsleiarar og gruppeleiarar for nemnde parti skal gjennom møteplan halde god kontakt for å diskutere og avklare aktuelle saker.

Aksdal, 12.10.2015

Ola S. Apeland (gruppeleiar H) Anita Halsnes (gruppeleiar Ap)             


Les og TV Haugaland sin reportasje her : 

http://tvh.no/2015/10/12/enige-om-veien-videre/